Historia om unge Ela, som gjer opprør i slavebyen Zeijang-Volvo I Søsteranarkistane er alle tre bøkene samla: Under, Over og UT. Søsteranarkistane er ei fengslande trilogi frå ei verd der dei unge står mot dei gamle i ein kamp om kven som skal leve, og kven som skal døy...
Under, første bok i trilogien Søsteranarkistane, er ei tankevekkande og fengslande forteljing om opprøraren Ela som bur og arbeider i bystaten Zeijang-Volvo. I Over får vi vite korleis det går vidare med Ela og dei andre i kampen mot diktatoren Ingmor.
Over startar der Under slutta. Men denne gongen er ikkje Ela og småsøstrene under bakken. Dei er på eit skip. Det regnar, og dei kan ikkje sjå land. Og ingen veit kor dei er på veg. Om bord på skipet styrer den vakre og mystiske Lamia.
Men kven er ho, eigentleg?
UT er siste boka i trilogen om Ela. Boka kjem i eitt bind som heiter Søsteranarkistane 1 - 2 - 3. Det er no det gjeld. For Ela står alt på spel. Klarar ho å redda slavejentene - og seg sjølv? Det hastar om ikkje Ela skal miste meir enn sjølve livet. Ela ser berre ein utveg, ho må jakte. Jakte på tyrannen Ingmor.